Eg heiter Silje-Kathrin Ylvisåker og har teke utdanninga mi hjå Medika Nova. Utdanninga tok 2,5 år og eg var ferdig i desember 2011. Hausten 2012 byrja eg på spaterapeut på BioMedicus akademiet og var ferdig våren 2013. Då lærte eg ulike typar massasje, manikyr/pedikyr, kroppspeeling, spa innpakingar med leire og voksing.
I tillegg til dette var eg ferdig utdanna barnevernspedagog i 2007.
Eg jobba 6 år i Sogndal Kommune som miljøterapeut, før eg tok steget heilt ut på eiga hand. Frå hausten 2013 satsa eg fullt på Sogndal Refleksologi.
Dersom du lurer på noko eller ynskjer timebestilling ta kontakt på tlf: 952 72 389